Detaljer
Samtale mellom presten og humanetikaren «Vi er kontinuerlig omgitt av den døde verdens gjenstander og fenomener. Likevel er det få ting som vekker større ubehag hos oss enn å se et menneske fanget i den, i alle fall om man skal dømme etter de anstrengelsene vi gjør for å holde de døde kroppene ute av syne», skriv Karl Ove Knausgård.
Pustar me, så døyr me. For dette er sanninga: Ein dag skal me alle døy. Kvifor er det då så vanskeleg å snakka om døden?
Prest Just Salvesen og humanetikar Finn E. Våga samtalar denne kvelden om døden, med ulikt livssyn som bakgrunnsteppe. Begge er vane med å møta menneske i glede og sorg, i vigsel og gravferd. Salvesen som sokneprest, Våga som human-etisk seremonileiar. Kva er felles, og kva er ulikt for dei?
Salvesen har nyleg flytta prestegjerninga si frå Tananger til Klepp kyrkje. Våga er, i tillegg til å vera journalist og fotograf, vigslar og gravferdshaldar i Human-Etisk forbund.