Detaljer
Velkomen til tonehimmel si nye storstove, vi kallar ho Industrikatedralen, det nedlagde verftslokalet i Fosnavåg. Til vanleg vert bygget nytta til vinterlagring av fritidsbåtar av eigaren Herøy båtlag. Men sommarstid står det tomt når båtane vert sette på sjøen att. Det står her tomt og ventar på at vi saman skal fylle det 25 m høge rommet med tonar og tankar. I industrihallen sin rike etterklang opnar vi årets tonehimmel-festival med eit musikalsk krafttak frå Sunnmøre, med både komponistar og ensemble frå Ålesund og Volda. Program: *"Prisms" (verk i 3 satsar) av Kjell Flem (Ålesund Strykekvartett) * Urframføring av verk for strykekvartett og bandoneon, av Øyvind Robak (Ålesund strykekvartett og Øyvind Robak) *Eit nyskapande og delvis improvisert verk tileigna dette spesielle konsertrommet av gruppa Presens (Magnar Åm, Geir Hjorthol, Andreas Barth og Einy Åm Sparks
Praktisk info
Sponsede linker
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Tilgjengelige billetter
25/06 2024 kl 19:00