star
star
star
star
star

(16) Klovskarfjedlet og Melen

”På denne turen får ein oppleva Fitjarfjella frå lågland, gjennom flotte myrlandskap, langs fjellvatn og opp på fjelltopp i over 500 meters høgd. Kanskje er dette noko av det flottaste ein kan by...

Practical

Enjoy code: 812305
Parkering: God parkeringsplass ved austsida av fv. 545, mellom Årbø og Tveita.
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
5 hours
Distance
15.6 km
Difficulty level
Demanding
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

”På denne turen får ein oppleva Fitjarfjella frå lågland, gjennom flotte myrlandskap, langs fjellvatn og opp på fjelltopp i over 500 meters høgd. Kanskje er dette noko av det flottaste ein kan by på i Fitjarfjedlet.” (frå Opptur i Hordaland).

Turen begynner på traktorveg. Ved mykje vatn lyt bru over Tveitaelva nyttast. Oppover på veg ca. 1.5 km til stikryss med skilt mot nord og Klovskarfjedlet. Først i slakt landskap, vidare bratt på nordsida av Klovskarvatnet. Stikryss mellom Botnavatnet og Klovskarvatnet, mot Klovskarfjedlet. Følg toppane mot varden på Inste Klovskarfjedlet (555 moh.). Stien går ned gjennom eidet og Klovskar. Gå på vestsida av Kongsskogvatnet, vidare på vestsida av Inste Sørlivatnet og Ytste Sørlivatnet. Ved utløpet er det rasteplass med turbok, bord og benk. Stikryss med skilt mot Melssåto i nord. Frå toppen (499 moh.) går stien vestover ned på vestsida av Klovskarvatnet. Gå over bru og følg stien ned til den møter same sti/traktorveg som du kom opp. Han tek deg attende til Dalshaugane.