Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Start ved parkeringsplassen ved Olstjødno. Kryss Fitjarelvo (regulert) over brua ved utløpet av Olstjødno. Følg grusveg i søraustleg retning. Etter ca. 1 km ta til høgre i vegkryss. Ta til venstre i neste vegkryss og følg grusvegen til vindmølle etter 700 m. Følg skilt merka Botnavatnet derifrå på merkt sti sørover ca. 1 km til du når krysset der stiar frå Rimbareid, Dalshaugane, Kidno og Botnavatnet møtest. Følg merkt sti 0,5 km retning aust-søraust mot Botnavatnet (323 moh.). Kryss Tveitaelvo på brua, ta til venstre i stikryss og følg derifrå merkt sti langs sørsida av Botnavatnet, forbi stor stein innover, kryss Tveitaelvo på bru og ta opp lia retning nord, vidare mellom Mosavatnet og Kidno til Kjerringjo ved nordaustre enden av Svartavatnet. Følg merkt sti retning sørvest på nordsida av Svartavatnet til du kjem til andre enden. Følg grusvegen forbi Midtvatnet tilbake til startpunktet.