star
star
star
star
star

Ålhusstøylen og Grøneneven

Turen startar i gardstun på Ålhus rett nord for kyrkja på Ålhus. Du startar med å gå på slakt stigande skogsveg innover dalføret. Etter ei stund går skogsvegen bratt oppover mot Ålhusstøylen....
Photo: Anne Cecilie Kapstad

Photos

Practical

Enjoy code: 874367
Ta av E39 på Ålhus. Etter å ha passert Ålhus kyrkje køyrer du omlag 200 meter. Skogsvegen til Ålhusstøylen startar bak fjøsen i det siste gardstunet før du køyrer over brua som går over elva som kjem ned frå Nedrebødalen.
Type
Outdoor
Target groups
All
Duration
3 hours
Distance
4.2 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Turen startar i gardstun på Ålhus rett nord for kyrkja på Ålhus. Du startar med å gå på slakt stigande skogsveg innover dalføret. Etter ei stund går skogsvegen bratt oppover mot Ålhusstøylen. Skogsvegen endar på støylen, der du får flott utsikt over Jølstravatnet, Ålhus og grenda Sandal på andre sida av vatnet. Turen på skogsvegen opp til støylen er enkel å gå, og tek omlag 45-60 minutt. Turen til støylen er gradert som grøn, og høver for barnefamiliar å gå.

For å kome til Grøneneven går du i nordleg retning etter støylen. Frå du forlet skogsvegen på støylen går du no i myrlendt og noko bratt terreng heilt opp. Det er ikkje tydeleg sti, men den vart merka som fjelltrim i 2019. Pga. dette finn du nokre raude merke å følgje i terrenget både opp og ned. Noko tung mark å gå i oppover. Det er ingen elvepasseringar. Turen frå støylen tek omlag 45-60 minutt. Flott utsiktspunkt på toppen.