star
star
star
star
star

Askrova. Hammarsetvatnet og Øykeskjerholten

Askrova er ei grøn og frodig øy å gå tur på. Utgangspunktet for turane er kaia der rutebåten frå Florø legg til. Der er det butikk, leikeplass og gjestebrygge. På butikken kan du låne sykkel,...
Photo: Arnfrid Bergheim

Photos

Practical

Enjoy code: 834055
Rutebåt til Askrova Eigen båt til gjestebrygga ved butikken
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
30 minutes
Distance
5 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Askrova er ei grøn og frodig øy å gå tur på. Utgangspunktet for turane er kaia der rutebåten frå Florø legg til. Der er det butikk, leikeplass og gjestebrygge. På butikken kan du låne sykkel, kajakk og båt til fisketurar. På kaia er det oppslag om dei ulike turane samt kart over øya.

Frå kaiagår du bilvegen mot Hammarset og kjem til informasjonsskilt "Tursti Askrova" på venstre sida. Følg så tydeleg og merka sti i terrenget. Gå rett fram, hald til høgre og følg sti til traktorvegen. Følg denne til endes. Ta av får traktorvegen over trapp / gjerde og følg tydeleg sti opp til Hammarsetvatnet.Ved nordenden av vatnet er det grill- og rasteplass med bord og benker. Både Hammarsetvatnet og Valvikevatnet er gode fiskevatn. Fortset vidare på tydeleg sti langs austsida av Hammarsetvatnet og følg stien vidare oppover til du kjem til skiltet Skara / Skare. Her tar du stien til høgre og føl den til Øykeskjerholten.

Følgande turalternativ er ikkje inntegna på kartet: Frå Øykeskjerholten kan du gå vidare mot aust og ned tilHammarset, ca 1, 5 km. Stien går forbi nordre enden av Valvikevatnet og er godt merka med raude pinnar. Det tek ca 30 minutt å gå ned til Hammarset og det er 5,4 km med bilveg langs nordaustsida av øya tilbake til kaia.

Frå kaia kan du gåvegen nordover på vestsida av øya til Valvika4,7 km og ca 1 times spasertur, eller ta bussen. Du kan og gå opp tilTrollhola, som ligg nord på Støylen, like før Valvika. Ønskjer du å gå inn i hola bør ein ta kontakt med nokon som bur på øya og som kan vere med inn i hola. Spør på butikken.

FråStøylen, ved grinda med raudmerka gjerdepålar, er det merka sti opp til Skaret. Følg raude merkepinnar og raude merker på fjell/stein. Stien går først langs gjerdet, så bratt opp mot skogen, gjennom ei grind, gjennom skogen og etter kvart i ope lende til eit lèplantefelt. Raude pinnar syner retninga, og etter eit par hundre meter kjem du inn på stien og kan gå til venstre mot Skaret, rett fram mot Kråkehåjen eller ta til høgre til kaia.

Du kan ogsågå bilvegen til Hammarsetfrå kaia på nordsida av øya 5,4 km eller ta buss. Turen tilbake over fjellet via Øykeskjerholten og Skara / Skaret eller Hammarsetvatnet til kaia.

Sykkeltur:Det er fint å sykle både til Valvika og Hammarset.