star
star
star
star
star

Askrova. Skara / Skaret og Øykeskjerholten

Askrova er ei grøn og frodig øy å gå tur på. Utgangspunktet for turane er kaia der rutebåten frå Florø legg til. Der er det butikk, leikeplass og gjestebrygge. På butikken kan du låne sykkel,...
Photo: Arnfrid Bergheim

Photos

Practical

Enjoy code: 644663
Rutebåt til Askrova Eigen båt til gjestebrygga ved butikken
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
30 minutes
Distance
4.8 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Askrova er ei grøn og frodig øy å gå tur på. Utgangspunktet for turane er kaia der rutebåten frå Florø legg til. Der er det butikk, leikeplass og gjestebrygge. På butikken kan du låne sykkel, kajakk og båt til fisketurar. På kaia er det oppslag om dei ulike turane samt kart over øya.

Frå kaia går du bilvegen mot Hammarset og kjem til informasjonsskilt "Tursti Askrova" på venstre sida. Følg så tydeleg og merka sti i terrenget. Gå over ei trapp / gjerde og ta til venstre og følg varda sti via Kråkehaugen til Skara / Skaret.

Kråkehaugen: Historia fortel at kråker brukte denne som mellomlandingsplass for lengre flyturar ved varsel om godt eller dårleg ver. Ved dårleg vêr flaug dei inn frå havet og samlast der før dei fauk inn til fastlandet og i ly. Øykeskjerholten er etter ei gamal historie om ein mann som rei på fjellet for å sjå etter dyra sine. Hesten vart skremd og skar ut for fjellskrenten nord for Valvika.

Skara / Skaret er høgste punktet på Askrova, 219 moh. Her har du utsikt til øyane sør for Askrova: frå aust Tansøya, Helgøya, Raudøya, Æsøyna og Gullholmen lengst vest. Lenger sør ser du Staveneset, Atløya, Tviberg og den særmerkte Alden, "Den norske hest". Lengst vest i havet for Alden kan du i klarvêr skimte dei mange øyane i Værlandet og Bulandet. Frå Skara / Skaret kan du gå ned i Valvika til Støylen.

Rett nord frå Skara / Skaret ser du Øykeskjerholten. Følg stien utover, lett og fint å gå ca 30 minutt.

Følgande turalternativ er ikkje inntegna på kartet: Frå Øykeskjerholten kan du gå vidare mot aust og ned til Hammarset, ca 1, 5 km. Stien går forbi nordre enden av Valvikevatnet og er godt merka med raude pinnar. Det tek ca 30 minutt å gå ned til Hammarset og det er 5,4 km med bilveg langs nordaustsida av øya tilbake til kaia.

Frå kaia kan du gå vegen nordover på vestsida av øya til Valvika 4,7 km og ca 1 times spasertur, eller ta bussen. Du kan og gå opp til Trollhola, som ligg nord på Støylen, like før Valvika. Ønskjer du å gå inn i hola bør ein ta kontakt med nokon som bur på øya og som kan vere med inn i hola. Spør på butikken.

Frå Støylen, ved grinda med raudmerka gjerdepålar, er det merka sti opp til Skara / Skaret. Følg raude merkepinnar og raude merker på fjell/stein. Stien går først langs gjerdet, så bratt opp mot skogen, gjennom ei grind, gjennom skogen og etter kvart i ope lende til eit lèplantefelt. Raude pinnar syner retninga, og etter eit par hundre meter kjem du inn på stien og kan gå til venstre mot Skara / Skaret, rett fram mot Kråkehaugen eller ta til høgre til kaia.

Du kan også gå bilvegen til Hammarset frå kaia på nordsida av øya 5,4 km eller ta buss. Turen tilbake over fjellet via Øykjeskjerholten og Skara / Skaret eller Hammarsetvatnet til kaia.

Sykkeltur: Det er fint å sykle både til Valvika og Hammarset.