Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Om kulturstigen:
Stigen og informasjonspunkta langs stigen tek utgangspunkt i arbeidet Edvard K. Barth (1913-1996) og Sonja L. Barth (1923-) gjorde med kartlegging av gammal verksemd og tradisjonar knytt til fangst av villrein, ferdsel og busetjing innan Dovre- og Rondaneområdet. Barthbue med innvendig informasjon om arbeidet deira er open for besøk heile sommarsesongen, den tida Grimsdalsvegen er open for ferdsel.
Turbeskrivelse:
Den merka stigen er på ca. 2,5 km og startar ved fjellcampingen ved Grimsdalsvegen nedanfor Bjørnsgardsætre og Grimsdalshytta. Ved stigen er det 11 informasjonstavlar om ulike tema som er viktige for Grimsdalen og arbeidet til ekteparet Barth. Start ved Barthbue og informasjonspunktet ved den. Fyrste delen av stigen går austover, nedanfor vegen og ned mot elva Grimse, forbi informasjonspunkt med tema som flora og fauna, arkeologiske utgravingar, gravhaugar og busetjing. Omtrent halvvegs kryssar stigen Grimsdalsvegen og følgjer delvis det gamle seterråket mellom setergrendene i Grimsdalen tilbake. I dette området ligg eit fangstanlegg med mange gravde fangstgroper for villrein. Her ligg også spor etter eldre busetjing. Stigen kjem ned til Grimsdalsvegen ved Barthbue. Spennande tur for både barn og vaksne!
Overnatting i nærheten:
Grimsdalshytta ( www.grimsdalshytta.dnt.no [http://www.grimsdalshytta.dnt.no] )
Bergseng seter (www.bergsengseter.no [http://www.bergsengseter.no] )
Vill-campen nedenfor Grimsdalshytta