star
star
star
star
star

Bjønnahiet og Kvitsvornipa

Dette er ein bratt tur med flott utiskt over fjella og dalføret i Nedrebødalen på Ålhus. Turen til Bjønnahiet var fjelltrimpost i 2017, og vart merka og fekk ein godt opptrakka råk opp. Til vanleg...
Photo: Anne Cecilie Kapstad

Photos

Practical

Enjoy code: 547182
Ta av E39 frå Ålhus. Køyr forbi Ålhus Kyrkje og ta av ved øvste garden på Nedrebø. Parker i vegkrysset her eller køyr skogsvegen inn i dalføret i Nedrebødalen.
Type
Outdoor
Target groups
Youth, Adult, Kids, Elderly
Duration
3 hours
Distance
4.5 km
Difficulty level
Demanding
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Dette er ein bratt tur med flott utiskt over fjella og dalføret i Nedrebødalen på Ålhus. Turen til Bjønnahiet var fjelltrimpost i 2017, og vart merka og fekk ein godt opptrakka råk opp. Til vanleg er nok denne ruta lite brukt, så du må rekne med at stien gror att år for år etter 2017.

Du startar turen ved å enten gå eller køyre inn skogsvegen frå gardstundet på Nedrebø. Uansett om du går eller køyrer må du vise respekt for grinder og husdyra som går her i dalen. Om sommaren går det storfe her, så du bør ikkje vere redd for bilen din dersom du køyrer den opp og parkerer den i dalen. Dyra gnir seg ofte opp etter bilane. Om du køyrer bilen inn, anbefalast det å ta ein ekstra køyretur inn i enden av vegen der du finn to bunkersar som vert kalla "Tyskerbunkersane".

Frå skogsvegen går du på ein rygg oppover ei bratt li mot Bjønnahiet som ligg rett under hamrane under Sølvet. Frå her går du i bratt terreng vidare opp mot Kvitsvornipa. Her er det ikkje særleg tydelig sti, og du må "lese" terrenget på veg opp. Inn i mellom finn du spor etter gamle vardar og raude merker. Ten av Kvitsvornipa ligg midt på ein rygg, og er merka med ein større varde. Du får flott utsikt mot Jølstravatnet i aust. Pga at det er bratt og noko sleipt er det lurt å gå denne turen når det er noklunde tørt i marka.

Frå gardstuna må du rekne med 1,5-2 timar opp til Bjønnahiet, og legge til 30-60 minutt opp til Kvitsvornipa. Frå skogsvegen ved støylen brukar du 1-1,5 time opp. Sidan det er bratt avheng tida ogå av kor vand du er med å gå i bratt terreng. Turen er merka som krevjande (raud). Dette mest fordi ruta frå Bjønnahiet og opp mot Kvitsvornipa er noko brattare og meir utfordrande terreng å gå i. Opp til Bjønnahiet er det ingen luftige parti, og ingen parti som krev klyving el.l. Råka går "berre" i generelt bratt terreng :-)