star
star
star
star
star

Bjørn West-marsjen, Litlematrestølen-Stordalen fjellstove

Kvart år, nest siste sundagen i august vert Bjørn West-marsjen arrangert til minne om det som hende i Matrefjella i siste del av 2. verdskrigen. Turen går forbi mange av dei stadane som det er...

Practical

Enjoy code: 531745
Ta av E 39 like sør for Masfjordtunnelen. Anleggsveg fram til Litlematrestølen
Type
Outdoor
Target groups
Elderly, Adult
Duration
6 hours
Distance
13 km
Difficulty level
Medium
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Kvart år, nest siste sundagen i august vert Bjørn West-marsjen arrangert til minne om det som hende i Matrefjella i siste del av 2. verdskrigen. Turen går forbi mange av dei stadane som det er knytt spesielle hendingar til i samband med krigsinnsatsen. Skal du gå turen på eiga hand er det lurt å organisera transport tilbake frå Stordalen. Turen stratar like nedanfor Litlematrestølen. For å koma fram til startpunktet tar du av E 39 like sør for Masfjordtunnelen, og køyr anleggsvegen ca. 7 km. Starten på løypa er godt merka, og stien er lett å følgja heile vegen. Turen startar i glissen bjørkeskog forbi Litlematrestølen. Vidare på berg og fast sti på vestsida av Kvitevasseggjene. Så bratt ned til Krokvatnet, langs sørsida av vatnet i lauvskog, Ved vatnet er det fine teltplassar, og mykje fisk å få. Vidare opp på ein liten åskam der ein ser ned i Kringlebotn. Herifrå bratt opp på Klavefjellet. Frå høgste punktet ved Skjerjavatnet i kuppert terreng før du "stuper" ned mot Stordalsvatnet. Turen er beskriven i Opptur Hordaland, 28-01.