Photos
Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Bordvassvegen er ein kulturstig der du følgjer ein gamal vassveg og får kjennskap til historia og tradisjonane rundt vatningskulturen i Lom. Turen går på solsida i slak helling og er ein fin tur også om vêret ikkje er det beste.
Kulturstigen har eigen informasjonstavle bak turistinformasjonen ved Norsk fjellsenter. Legg gjerne turen innom Lom bygdamuseum på veg til Bordvassvegen dette er eit friluftsmuseum med 22 verneverdige bygningar. Her det mogleg å gå med barnevogn, dette er ikkje tilrådeleg på resten av turen.
Ruta til Bordvassvegen er godt merka med raude merke. Du kan følge rutebeskrivelse for ruta til Lomseggen (gul merking) til den skil lag med ruta for Bordvassvegen. Vidare følgjer du raud merking for å gå langs Bordvassvegen.
Turinfo:
- Bordvassvegen går gjennom Andvords-trædet der det er dyr på beite i inngjerda beitemark om sommaren. Dersom du vil omgå beitedyra fylgjer du gul merking ovanfor trædet fram til du møter fyrste skogsvegen. Her går du nedover vegen til venstre og du møter att Bordvassvegen berre nokre meter ned i bakken.