star
star
star
star
star

Botsvatn - Jonstein

Skildring av tur Frå Botsvatn følg anleggsvegen til endes. God sti opp til Skarvabotsvatnet. Her er det skilta venstre opp til Jonstein. Nokre få svært bratte parti oppover, men for det meste god...
Photo: Steinar Smith

Practical

Enjoy code: 638675
Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 8,0 km tar du til høgre mot Folgefonna. Etter ca. 100 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil. Det er automat som tar kort eller kontantar. Like før du kjem til denne automaten er det på høgre sida av vegen ei infotavle for turar i området.. Etter 2,0 km tar du av på sideveg til venstre på grusveg. Etter 4,1 km kjem du til Botsvatn. Har du bil parkerer du her. Parkering på eige ansvar. Ved parkeringsplassen er det informasjonstavle og skilt mot Jonstein, Buførevegen og Dåren.
Type
Outdoor
Target groups
Youth, Kids, Elderly, Adult
Duration
4 hours
Distance
3.9 km
Difficulty level
Demanding
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Skildring av tur

Frå Botsvatn følg anleggsvegen til endes. God sti opp til Skarvabotsvatnet. Her er det skilta venstre opp til Jonstein. Nokre få svært bratte parti oppover, men for det meste god sti. På toppen er det flott utsikt i alle retningar. Frå Jonstein kan du ta umerka rute ned mot Dåren. Dette er ein flott rundtur på finversdagar. På Dåren kjem du inn på andre merka turar. På veg mot Dåren kryssar du også Buførevegen, og du kan følgje denne ned til Botsvatnet.

Sesong

Juli - oktober NB! Du må ikkje gå denne turen om vinteren grunna skredfare

Råd for turen

-Ta med mat, drikke og vindtette klede.

  • Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du bruke joggesko.
  • Mobildekning er god på det meste av turen.
  • Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
  • Det er bandtvang 1. april – 20. august.
  • Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
  • Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.
  • Turistinformasjonen kan gi opplysningar om fiske og kjøp av fiskekort.