star
star
star
star
star

Brandsøyåsen frå Havhesten til Brandsøy Parkering

Du startar ved symjehallen Havhesten. Her endar stien frå Fugleskærskaia og Flora Omsorgssenter. Du kryssar hovedvegen, går langs kanalen og opp bakken over høgda. Ta til venstre og ned til...
Photo: Arnfrid Bergheim

Photos

Practical

Enjoy code: 415487
Det er muleg å parkere ved symjehallen Havhesten, Trafokiosken på Nybømarka, ved butikken/skulen på Krokane, ved Kvenhuselva på Solheim, Brandsøy Parkering ved bomvegen opp til Brandsøyåsen og ved Brandsøy skule. Parkeringsplass ved Torvmyrane skule.
Type
Outdoor
Target groups
Kids, Elderly, Adult
Duration
2 hours
Distance
5.8 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Du startar ved symjehallen Havhesten. Her endar stien frå Fugleskærskaia og Flora Omsorgssenter. Du kryssar hovedvegen, går langs kanalen og opp bakken over høgda. Ta til venstre og ned til Nybøvegen. Kryss ved fotgjengarovergangen over til Trafokiosken. Traseen går på høgre sida av Trafokiosken og vidare til stien opp og til venstre over Nybømarka. Når du kjem på den lille bakketoppen, ta til høgre og gå stien oppover mot Fagerdalen. Det kjem også ein sti inn fra Dyreholtvegen. Vidare over til Fagerdalen, der kjem det ein sti til opp frå Dyreholtvegen. No går du over og vidare på stien til høgre til du har gått over og nærmar deg parkeringsplass.

Ved parkeringsplassen tar du av til venstre og opp skogsvegen eit stykke. Der den svingar mot høgre, går du rett fram og ut på stien i terrenget. Følg stien / hovedtråkket oppover. Her kjem også stien frå Krokane Skule opp. Du går på høgre sida av ballbingen rett før Torvmyrane Skule. Kryss vegen og gå vidare på traseen på venstre side av skulen. Halvvegs og rett før den bratte stigninga kjem stien opp frå Solheim i Tofleskardet.

På Toppen har ein flott utsikt over øyane og fjellheimen innover. Siste høgda før toppen, ta til venstre og her finn du Oppturvarden som vart bygd i Friluftslivets år i 2005. Det er ein stein frå kvar kommune i varden med inngravert kva kommune den kjem frå. Det er også gapahuk på toppen med turbok. Skriv deg inn i boka.

Gå over platting og eit stykke på asfalt før du tar til venstre og følgjer stien over Norefjellet ned til Brandsøy Parkering.

På toppen av Brandsøyåsen kan du velge andre opp og nedgangar. Det er mange stiar.

Turen ut mot utkikkspunktet, der du ser Baseområdet / Botnastranda i nord, kan du også ta som ein avstikker frå stien - der ruta går av og kjem innpå hovedstien. Les om turen til utkikkspunktet her: Brandsøyåsen - rundtur https://www.ut.no/tur/2.19226/