star
star
star
star
star

Breidalen rundt frå Langedalen (Gloppen)

Turen startar frå parkeringsplassen i Langedalen, bru over elva og rett opp lia mot Busperaksla. I ca. 900 m høgde til venstre langs fjellhylle og vidare oppover mot toppen av Busperaksla (1119 m)....

Practical

Enjoy code: 762732
Frå Sandane køyrer ein fylkesveg 615 mot Hyen. Etter ca. 3 km ta til venstre mot Rauset og etter knappe 2 km ta igjen til venstre mot Moane og bomveg til Langedalen. Køyr til parkeringsplassen i Langedalen.
Type
Outdoor
Target groups
Adult
Duration
30 minutes
Distance
14.2 km
Difficulty level
Demanding
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Turen startar frå parkeringsplassen i Langedalen, bru over elva og rett opp lia mot Busperaksla. I ca. 900 m høgde til venstre langs fjellhylle og vidare oppover mot toppen av Busperaksla (1119 m). Her er spektakulær utsikt mot Langedalen og Sandane. Vidare over Ångsdalsegga og opp Blåfjellnova til Blåfjellet (1202 m). Deretter slakt nedover for enden av dalen til ca. 1100 m. Her har ein fin utsikt til Gjengedalsområdet. Vidare over Salen til høgaste punkt på turen 1320 m. Vardar viser veg nedover mot Nova og Salshylla som fører nedover mot Svarthammaren. Frå fjellryggen mot Svarthammaren vil eg tilrå å ta ned til høgre til Vesledalen i staden for å følgje GPS-sporet som ligg ved her. (Sjå sporet for turen http://ut.no/tur/2.8687/). Sjå bildeserie frå turen under "Nyttige lenker".