Details
Nok ein deilig gjeng med komikarar på Åtgaum. Denne gong er headliner den herlege karen som måtte gje seg som snekkar fordi han var for morosam! Joakim Olsen heiter osingen har kjapt slått seg opp og fram i standup-verden. Desse siste helgene fram mot jul står han nemleg på Chat Noir sin berømde sene i forestillinga "Humorfest". Der deler han sene med kjendisar som Thomas Giertsen, Kristine Hope, Else Kåss Furuseth og Martin Beyer-Olsen! Men denne onsdagen kjem han til den intime baren på Stord altså. Me har to som kjem frå Haugesund denne gong. Per Christian Skorpetveit er ein sjølironisk siddis som er av dei mest aktive - og mest morosame - av komikarane i den lokale standupklubben. Nils Wergeland Krog bur og i Haugesund, men dialekta er frå austlandet. Han delar raust frå eit liv fylt med tabbar av ulikt slag.
Roar Brekke - oddingen som har stått med ein mikrofon sidan forrige årtusen, er som vanleg konferansier.