Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
God traktorveg som slynger seg 2,5 km opp gjennom granskog og bjørkeliar til Buskard der traktorvegen sluttar. Halvvegs oppover på traktorvegen ser du vassinntaket i elva til småkraftverket som er bygd ved elva nede hos Åsmund Kalstveit på Svantesvoll - dette leverer all straum til 2 gardsbruk Svantesvoll og Blikra - overskotet blir seld. Nedanfor inntaket til vassverket kan du også sjå små jettegryuter i elva. Sjå skilt til desse. Følg traktorvegen vidare omlag 150 m oppforbi vassverkinntaket då kjem du til til skiltet KVILESTEINEN - her må du ta ein pause og sjå utover bygda og ta deg innatt etter tunge bakkar oppover. Det var alltid vanleg å kvila her i gamle dagar for folk på Blikra som skulle til fjells. Før traktorvegen kom, måtte dei gjerne ta ein matbit også her på steinen før turen gjekk vidare oppover enda fleire bratte liar. Oppe ved Buskard (ca. 500 m o. h.) står det namneskilt til andre fine turar i fjellet. På Brennesteg er det ein turkasse til speiderane med bok i skriv deg inn i denne og bli med på Nutafantkonkurransen. For den som ønsker ein lengre tur er det merka sti vidare til Friarane og Hovda. Med evt. retur til Vestvoll eller Gjerdesdalen.
Terreng: God traktorveg til Buskard gjennom bratte liar. Frå Buskard tar du til høgre på godt merka sti - denne er lett å gå på bort til varden.
Fottøy: Gode sko er å anbefala.