Practical
skilt til Blikrabygda. Følg vegen 4 km ned til Sørhus. Rett før du kjem til den gamle butikken til Magnus Sørhus, tek du vegen til venstre sjå TURSTI-skilt her. Kjør om lag 300 m til du kjem til Vestvoll. Her ser du info.tavle og P-skilt nedanfor raud løe.
Her kan du lesa om dei ulike turane som går herifrå sjå info.tavle.
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Traktorvegen går gjennom fint kulturbeite og fin bjørkeskog. På Frierane finn du ein turkasse med bok i som speiderane har lagt ut. Skriv deg inn i denne. Namnet Frierane har sin historie: Ein mann frå Landa gjekk på friarføter til ei jente frå Gjerdesdalen. Folk såg denne karen gå oppover lia til desse steinane rett som det var. Han hadde alltid ei kvit hua på hovudet. Her oppe traff han denne jenta etter avtale. Her ved dei store steinane har denne karen fridd til jenta. Han fekk ja på friarspørsmålet dei to vart gifte derfor heiter desse steinane Frierane. Dette paret busette seg i Gjerdesdalen. Frierane er også ein skiftestein - her møtest grensene mellom 3 gardar: Eikje i Gjerdesdalen og Bakkevold og Vestvoll i Blikrabygda. Like før du kjem til Frierane, kan du ta av til høgre (sjå skilt) og gå opp til fjellet Hovda. På vegen opp er det fin utsikt mot Sandeid og innover fjella. Frå Hovda har du ei flott utsikt over heile Vatsbygda og vestover mot havet. Sjå skilt til Hovda. (530 m o.h.) Frå Frierane kan du gå ned til Gjerdesdalen og bli henta der om du ynskjer det. Men dersom du vil ta ein lengre tur, kan du gå vidare på merka og rydda sti mot Brennesteg, Varafjellet og Åksla og gå ned til Blikra eller Aurdal. Følg skilting. Sjå skilt ved gjerdeklyvar på Frierane.