Photos
Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Ei byvandring i Høyanger sentrum er ei oppdagingsferd gjennom både tid og rom. Med fleire kulturhistoriske og arkitekttoniske kvalitetar som strekker seg tilbake til då industristaden vart etablert på byrjinga av 1900-talet byr vandringa på mange inntrykk og flotte syn.
- Byporten med Høyanger Industristadmuseum og Gunnar S. Galleriet
Byporten vart bygd i 1933 og hadde opphavleg åtte arbeidarbustader. I 1997 opna Høyanger Industristadmuseum som gjennom utstilling, tekst og bilete syner industri- og arbeidarhistoria. Gunnar S. Galleriet i den andre delen av byporten opna i 2018 og inneheld mellom anna Høyanger kommune si samling av originale kunstverk signert Gunnar S. Gundersen, som vaks opp i Høyanger.
- Høyanger Samfunnshus og bibliotek
På denne staden stod tidlegare Folkets Hus. Forsamlingslokalet vart bygd i 1917 og seinare rive for å gi plass til det nye samfunnshuset, som stod klart i 1971. Samfunnshuset er teikna av arkitekt Olav Skjerve og representerte på mange vis det moderne Høyanger. Bytorget vart rehabilitert i 2001 og har arbeidarmonumentet «Han, Hun og Vann» i granitt av Kristian Blystad som sentralt blikkfang.
- Hagegata/Tingsurda
Rørsla «Egne hjem» vaks fram med formål om å skaffe arbeidarar eigne hus og hagar. Baktanken til «dei høge herrane» på verket var å gje arbeidarane gode buforhold så dei ikkje skulle bli opprørske. Området rundt Hagegata, Hans Hygens gate og Tingsurdgata vart utbygd i åra 1925-1927 av NACo. Dei kjøpte tomter, gav økonomisk støtte og stilte med arkitektteikningar. NACo henta også inn anleggsgartnarar til å ordne med flotte hageanlegg, og det var ei tid konkurranse om kven som hadde dei finaste hagene.
- Høyanger skule
Høyanger skule består av to skulebygningar. Den eldste, dagens barneskule, er frå 1923 og vart teikna av arkitekt Klomann. Dagens ungdomsskule, som hadde første byggesteg i 1932, vart teikna av arkitekt Einar Alvsaker. NACo var også her involvert med økonomiske bidrag.
- Valhall
Høyanger ungdomslag fekk realisert planane om eit eige hus i 1922. I tradisjon med tida fekk bygget eit ekte, norsk namn, og festsalen blei dekorert med veggmåleri med nasjonale motiv mellom anna frå norsk vikingtid måla av Rudolf Krogh. Valhall er framleis i bruk som festlokale i samband med konsertar, bryllaup, og andre private samankomstar.
- Nedre Sæbø
På Sæbø kom det i gang privat bustadbygging på slutten av 20-talet. NACo sine reguleringsplanar omfatta også dette området, men med mindre innverknad. Her fekk både arbeidarar og funksjonærar hus, og det var også mogleg for andre som ikkje var tilsett ved NACo å byggje. Det kom til fleire hus vidare oppover Øvre Sæbø, på Hjetland og oppover lia mot Håland og på Dale.
- Roseparken
NACo stod i bresjen for at Høyanger sentrum skulle vere vakkert, og dei hadde eigne gartnarar som haldt tettstaden i stand. Høyanger vart derfor kjent som hagebyen. Seinare har fabrikkeigarane konsentrert seg om fabrikkdrifta, og det er no Høyanger kommune som driftar fleire av dei mange mindre hage- og parkanlegga. Roseparken kom til på 1990-talet, etter ønske om å skape ein estetisk oase i tettstaden. I Roseparken finn du skulpturen «Danserinne» av Per Hurum.
- Høyanger kyrkje
Kyrkja kom seint på plass i Høyanger (Kyrkjebø var den opphavlege kyrkjestaden for bygda), men etterkvart som bygda vaks melde behovet seg for ei eiga kyrkje. Det var ein periode strid om kvar kyrkja skulle stå, men i 1938 starta grunnarbeidet der ho står i dag. Planen var å føre opp ei åttekanta steinkyrkje, men krigen sette ein stoppar for det vidare arbeid. Kyrkja stod derfor ikkje klar før i 1960. Den er ei gåve frå NACo, er teikna av arkitekt Arnstein Arneberg, og har glasmåling av av Borgar Hauglid.
- Sæbøtangen
Gamle Sæbøtangen var det mest utprega arbeidarstrøket i Høyanger. På gamle bilete får ein inntrykk av idyll nede ved fjorden, men Sæbøtangen var av mange oppfatta som «slum». Her var det utleigehusvære for arbeidarane ved NACo, og det var tilhaldsstad for mange einslege menn. Her var bygg som «Murgården», «Slottet» og «Folkekjøkkenet». Sæbøtangen var ein miks av bustadar sett opp av NACo, men også private bustadar og næringsverksemd. Dette var ein særeigen, liten bydel, og dei som vaks opp på gamle Sæbøtangen fortel om eit livleg lokalsamfunn. Nokre vart buande her heile livet, men for dei fleste var det ei mellombels løysing. På 1970- og 80-talet vart det meste rive.
- Parken
Området Parken blei utbygd i 1916 - 1928 av NACo og teikna av arkitekt Nicolai Beer. På nedsida av Kloumanns allé står direktørbustaden. Han hadde sine nærmaste arbeidarar og den lokale leiinga buande i husa rundt seg. Over allèen er det arbeidarbustader i tre, og her kunne det bu opp til fire familiar i kvart hus. Området er i stor grad uendra sidan den gong, og blei freda i 1993. Sogn og Fjordane Bustadbyggelag har overteke alle bustadane unnteke dei med fasade mot sjøen, som framleis er eigd av fabrikken. Parken er i dag eige burettslag og tilsette ved Hydro har førsterett ved tildeling av bustadar.
- Storgata
Storgata går frå kaia og heilt opp til skulen, her gikk også den opphavlege bygdevegen frå før 1916. Langs vegen låg viktige fellesfunksjoner som post, telegraf og butikkar. Kaia med verksporten var lenge samlingsplassen i bygda. Her gikk arbeidarane inn porten til fabrikken, båten til Bergen la til kvar dag, bussane gikk herifrå og administrasjonsbygget til verket, «Gulebygget», ligg her den dag i dag. Etter den nye verksporten blei opna ved Leira og den nye innfartsvegen kom på 80-talet har mykje av aktiviteten i Høyanger sentrum flytta opp til Byporten og Bytorget.
- «Gamle Sjukehuset»
Sjukehuset med plass til 40 pasientar stod ferdig i 1934, reist med tilskot frå NACo. Arkitekt var Rolf Sande. Sjukehuset blei lagd ned i 1982 etter ein lang strid. I dag er bygget totalrehabilitert og inneheld mellom anna sjukeheim og legekontor.
- Rådhuset og forretningskvartalet
Rådhuset i Høyanger er opphavleg frå 1956, og vart teikna av arkitekt Johan Lindstrøm. Dette blei etterkvart forelda og bygget vart rehabilitert, mellom anna med ny fasade i murstein og ein ny etasje. Det rehabiliterte rådhuset stod klart til bruk i 2005, og ligg i det primære handelsområdet i Høyanger tettstad. Høyanger var lenge eit viktig handelssenter for omlandet. Det gamle handelskvartalet frå rundt 1930 måtte utover 70-, 80- og 90-talet vike for meir tidsriktige og moderne bygg