Crossing Grieg med Håkon Asheim & Nils Henrik Asheim på Osascena

Brørne Håkon Asheim og Nils Henrik Asheim har over fleire år utvikla eit unikt prosjekt der hardingfela og pianoet kryssar vegar. Materialet er Edvard Grieg sitt arrangement av hardingfelemusikk,...
This activity is completed or marked as expired
19.Feb
-
8:00pm

Details

Brørne Håkon Asheim og Nils Henrik Asheim har over fleire år utvikla eit unikt prosjekt der hardingfela og pianoet kryssar vegar. Materialet er Edvard Grieg sitt arrangement av hardingfelemusikk, Slåtter opus 72. Resultatet, Crossing Grieg, formidlar dette repertoaret på ein ny og frigjerande måte.

Som lyttar er ein vitne til ei gjenskaping av musikken der og då. Ein høyrer liksom Grieg improvisere seg inn i feleslåttane og skape sine pianoversjonar gjennom vekselvis å lytte og spele. Gjennom heile programmet går brørne Asheim på denne måten ut og inn mellom dei to verdene, hardingfela og Grieg. Via improvisasjon lagar dei opninger i Grieg sin musikk som antyder kvar han kunne ha gått om han hadde møtt hardingfela i ei anna tid.

Håkon Asheim - hardingfele Nils Henrik Asheim - piano

Practical

Enjoy code: 155754
Type
Concert
Target groups
Adult, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.