Den mangfaldige Jakob Sande // føredrag ved Ove Eide

Gjennom alle år var han ein anti-autoritær forfattar, som viste fram fattigdom og urettferd - utan å peike på enkle løysingar. Men medkjensle er ikkje nok sa han: “Det gjeler å ha vett. Det er...
This activity is completed or marked as expired
09.Aug
-
6:00pm

Details

Gjennom alle år var han ein anti-autoritær forfattar, som viste fram fattigdom og urettferd - utan å peike på enkle løysingar. Men medkjensle er ikkje nok sa han: “Det gjeler å ha vett. Det er vettet som gjør verden betre. Den menneskelige forstand.” (1956).

Og han bygde bru over grensa mellom høgt og lågt, mellom folkeleg forteljekunst og tradisjonstunge diktformer. Derfor har han vunne seg eit stort publikum, spelt og sungen i mange slags lag: på nachspeil og i kyrkja, i festrus og djupaste alvor.

Dette er mangfaldet Ove Eide vil vise fram i føredraget. Fordi Jakob Sande framleis er ein aktuell forfattar.

Etter føredraget vert det eige programpost med utdeling av Samlagsprisen, der du er hjarteleg velkomen til å vere med.

Foto av Tori F. Halvorsen

Practical

Enjoy code: 758537
Type
Scene
Target groups
Elderly, Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links