DIN TANKE ER FRI? Festivalsymposium med Rune Ottosen, Bård Wormdal og Arild Linneberg

Ei fri presse og tilgang på trygge kjelder og mange perspektiv, er grunnlag for ein opplyst og modig samfunnsdebatt, og for politisk handlefridom og demokratisk medverknad. I denne samtalen vil vi...
This activity is completed or marked as expired
07.Sep
-
10:00am

Practical

Enjoy code: 768132
Type
Lecture
Target groups
Adult, Youth, Elderly
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Details

Ei fri presse og tilgang på trygge kjelder og mange perspektiv, er grunnlag for ein opplyst og modig samfunnsdebatt, og for politisk handlefridom og demokratisk medverknad. I denne samtalen vil vi drøfte vilkåra for fri meiningsbryting i ei verd som vert meir polarisert.

Kor sårbare er vi for propaganda og manipulasjon? Korleis er media og våre politiske representantar rusta for å sortere informasjon frå mektige særinteresser og ta trygge, opplyste valg? Og korleis er den offentlige samtalen kring dette?

Vi har fått med oss eit kompetent og spissa panel som kan løfte ein samtalen for oss:

Rune Ottosen er professor emeritus ved Oslo Met, og tidlegare professor ved journalistutdanninga. Bidragsytar i ordskifte om Noreg si rolle i Nato og i Assange-saka, han er og aktuell med biografien om Gunnar Garbo: "En fredens mann i strid".

Arild Linneberger professor emeritus i literaturvitenskap ved UiB, og forfattar og omsetjar av ei rekke bøker. Han er m.a. aktuell med ei omsetjing av Hanna Arendt si bok "Totalitarismens opprinnelse". Lindeberg er busett på Atløy.

Bård Wormdaler Journalist og forfattar og er aktuell med den kritikarroste boka "Spionkrigen" og "Satelittkrigen" om Noreg sitt hemmelege etteretningsamarbeid med USA.

Varighet: 60 min

Maps