Inngangsbilletter Eikaasgalleriet

Ludvig Eikaas var ein pioner i den moderne kunsten.
Foto: Thomas Bickhardt/Bickfoto

Detaljer

Ludvig Eikaas (1920-2010) var ein pioner i den moderne kunsten. Han er rekna som ein av etterkrigstida sine mest markante biletkunstnarar i Norge. På Eikaasgalleriet har vi store deler av det han skapte – som elles er å finne i København, New York, Paris, Firenze og kunstmuseum rundt i Norge.

Som grafikar, målar, teiknar og skulptør var Eikaas utprøvande, eksperimenterande og spontan. Han tok gjerne i bruk utradisjonelle verkemiddel i sine kunstverk – han var mellom anna den første som nytta hardplast i skulpturane sine.

Eikaasgalleriet har skiftande utstillingar med basis i samlinga på over 850 verk. Vi har kafé, brygge og ei eiga strand ved Jølstravatnet.

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 351373
Stor parkeringsplass ved museet.
Type
Attraksjoner
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom, Barn
Kilde
Enjoy

Omtaler

Henter ..

Kart