Photos
Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Elvestien fra bautaparken på Snartemo til Birkeland Idyllisk tur fra Snartemo til Birkeland langs vestsida av elva Lygna. På vegen passerer du fleire gårdsbruk. Eilevstad er det mest særskilte.med herregårdshus fra 1928. Laksefisket oppstrøms Kvåsfossen til Lygne åpna i 2015 pga. ny laksetrapp i Kvåsfossen. Det meste av turen er grusveg og er lett å gå.
Eilevstadfjellet Eilevstadfjellet 440 moh. har flott utsikt nedover dalen mot Snartemo. TV-masta som blei satt opp der i 1974 gav bygda bedre forhold for å sjå på fjernsyn.
Stakksteinsliknuten Stakksteinsliknuten 625 moh. er et fantastisk utsiktspunkt. Flott turområde og skiterreng.Verdens første digitale verradar blei oppført i 1999-2000 til ca. 12 millioner kroner. Rekkevidden på 240 km dekker sørlige del av Norge og de nære havområder utenfor. Turen går på grusvei. Går du fra Birkeland og tilbake blir det en krevende tur på 15,6 km.
Lurå Lurå 590 moh. ligger i Heddesheiå. Fjellet har fått navn av at den liknar på ei kyrelura (kulort) når du er på Birkeland. Når du er oppe liknar den meir ein kval. Flott utsikt mot Laukroken og Birkeland.
Skaret Det var tre gangevegar opp til Skaret. Folk kunne gå frå begge bruka på Eilevstad. Begge stiane møtest i øvre enden av innmarka på denne garden, deretter ein stupbratt sti opp lia til nedre enden av innmarka i Skaret. Det gjekk også ein sti frå Hellesmonen, seinare utbetra til ein slags traktorveg. Garden var veglaus til den siste fastbuande, Arne Skaret, døydde i 1985.
Eilevstad herregård
Eilevstad herregård er oppført av Erik Tobias (Tom) Christenson Iveland fra Konsmo (1857–1932) og kona Bertha Johanne (1861–1930). Han gav 4.000 kr for bruket, og det måtte vera god pris for det halve bruket med dei gamle dobbelhøge husa. Erik Tobias reiste til sjøs som 14-åring. Han busette seg i New York der han etablerte eit stort dykkarfirma. Erik Tobias blei aktiv innan norsk shipping, og var med og bygde opp den norske Amerikalinja. I USA skreiv han seg for Tom Christensen. I 1927/1928 bygde han så nye hus og uthus som blei dei flottaste i bygda. Sethusa blei bygd etter mønster av sommarhusa til den amerikanske overklassen på austkysten, og dei var innreia med inventar og utstyr frå USA. Uthusa blei bygd i same stilen, og var kvitmåla. Husa skilde seg sterkt frå byggeskikken elles i bygda. Året før fekk Erik Tobias opp ei stor hengebru over elva. Han betalte 10.000 dollar for den til eit Oslo-firma. På austsida av elva var det installert eit callinganlegg.Han skulle vera god for millionen, og då så. Kona Bertha Johanne, døydde brått på Ernst hotell i Kristiansand under eit Noregsopphald, står det i kyrkjebøkene.