Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Dette er ein rundtur som du kan starta frå fleire plassar. Løypa kan gjerast kortare ved å ta tvers over nord for plagfabrikken eller lengre ved å fortsetja sørover langs Frøylandsvatnet. Visst du startar sør, utgangspunkt Kvednadalen, går du over jernebanebrua og ned til Frøylandsvatnet. Du kjem til Bådatangen, som i lange tider har vore badeplass for mange. Theodor Dahl kalla Frøylandsvatnet for Jærens eigen Genesarets sjø, men Torvald Tu sa det var Guds venleiksauge mellom Klepp og Time. Langs Frøylandvatnet kan du få auge på toppand, stokkand, sothøne, og er du heldig er også den flotte brunnakkeanda på plass. Ei tid hadde Kverneland Fabrikk to båtar på vatnet, den eine frakta post og passasjerar, den andre plogar og anna dei produserte til kaien på Klepp stasjon. Når du kjem til Engelsvågen, sjølvaste husmannsplassen, går du forbi steinen med koparplate og tekst. Her blir husmennene heidra. Litt nord for Trollvika kjem du til Steintangen. Her er stein nummer to koparplate,- til minne om husmannsplassen kor morfar til Teodor Dahl med familie budde fram til 1900. Du går forbi krossbanen, kryssar Orstadvegen og tek seinare til venstre opp Orstadbakken. På høgda ligg Frøyland og Orstad kyrkje. Når du kjem til Ormadalen, tek du til venstre inn Erlevegen. Nå startar heimturen, og den går gjennom byggefelt og industriområde.