Eva Weel Skram

Med låtar som «Om du vil», «Selmas sang», og «Kom igjen», har Eva Weel Skram etablert seg som ein av dei mest folkekjære artistane her til lands. Skram har sluppe to album med norske tekstar,...
This activity is completed or marked as expired
11.aug
-
kl 19:00

Details

Med låtar som «Om du vil», «Selmas sang», og «Kom igjen», har Eva Weel Skram etablert seg som ein av dei mest folkekjære artistane her til lands. Skram har sluppe to album med norske tekstar, «Finne heim» frå 2018 og «Sleppe tak» frå 2021. Dei har hausta strålande kritikkar, og blitt omtala som både «brutalt ærleg» og musikalsk modent.

«Eva Weel Skram har lenge vore ein av Noregs mest distinkte popartistar. Med albumet «Sleppe tak» ligg alt til rette for at ho skal bli allemannseige», skreiv Dagsavisen i sin anmeldelse av sist nemnde album, noko som verkeleg kan seiast å ha slege til. Dei sterke låtane frå desse to albuma, har nemleg løfta Eva heilt opp i toppsjiktet av norskspråklege popartistar i landet.

Eva har gjort det til sitt varemerke å levere fengjande melodiar med sterke tekstar om tema som ligg hennar hjarte nært, noko som har vist seg å verke både trøystande og inspiserande for hennar stadig veksande publikum.

I 2024 blir det gode mogelegheiter til å få med seg Eva og hennar musikalske kollegar på scener over heile landet, ein sjanse ein ikkje bør la gå i frå seg.

Practical

Enjoy code: 369260
Type
Concert
Target groups
Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.