Ferjefolket: foredrag med Halvor Folgerø

Kom og høyr om den fantastiske historia til ferja! Ferjene er eit fast og nødvendig innslag i livet til vestlendingen. Journalisten Halvor Folgerø tek oss med på ferjeturar og fortel historier frå...
22.Nov
-
8:00pm

Practical

Enjoy code: 837268
Type
Lecture
Target groups
Adult
Source
Tikkio
External information

Sponsored links

Available tickets

Friday
22/11 2024 8:00pm
Norsk Bremuseum Fjærland kai Fjærlandsfjorden
Provided by Tikkio

Details

Kom og høyr om den fantastiske historia til ferja! Ferjene er eit fast og nødvendig innslag i livet til vestlendingen. Journalisten Halvor Folgerø tek oss med på ferjeturar og fortel historier frå Smøla-ruta i nord til Kvitsøy-ferja i sør. Bli med til fjordar og havstrekk, møt glade billettørar, stolte kapteinar, få historier om kvardagsliv og komikk, dramatikk og ulykker. Både mannskap, pendlarar, yrkessjåførar og reisande har sin plass i den rykande ferske boka "Ferjefolket", ført i Folgerøs stødige penn. No kjem han til Fjærland for å fortelja om den fantastiske historia til ferja. Ferjene set sterke kjensler i sving. Og dei har komne for å bli, i alle fall ei stund til. Forteljinga om ferjene utgjer ein viktig del av historia om Noreg, og ikkje minst om dei norske utkantane. Halvor Folgerø er forfattar, musikar og journalist. Han er oppvaksen på Stord, og har jobba i NRK i ei årrekkje. Særleg suksess har han hatt med bøkene "Vestlandsvegar" og "Fleire vestlandsvegar" frå 2021 og 2022. I kjølvatnet av bøkene om livet på dei gamle, berykta vegane er ei bok om ferjene eit naturleg framhald, og no er boka endeleg her. Det blir boksal og signering etter foredraget. Kanskje du kjenner ein ferje-entusiast som har plass til denne i bokhylla?

Maps