Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Bratt traktorveg til den fråflytta fjellgarden Furåsen. Turen byr på fint utsyn over Fortunsdalen og fjella ikring. Mogeleg med avstikkar til Fuglesteg undervegs. Høgdeskilnad: 420 m.
Følg grusveg frå parkeringsplassen, forbi butikken og gjennom friområdet Krukla. Etter 500 m kryussar du fv 55, går gjennom grinda og inn på traktorvegen. Følg traktorvegen til du er framme. Vegen stig bratt oppover mot Vetleåsen. Etter kvart får vi godt utsyn mot Fortunsdalen under oss. Namnet Fortun tyder "fyrste tunet". (På vegen til Turtagrø finn vi Opptun- "øvste tunet".)Mellom riksveg 55 og Fortunselva ser vi Fortun kyrkje. Kyrkja stod ferdig bygd i 1879, og erstatta ei gammal stavkyrkje som seinare vart riven og flytta til Fantoft ved Bergen. Fortunsvassdraget vart utbygd i 1950-åra og har tre kraftstasjonar. Den største er Fortun kraftverk på Skagen. Krafta går på høgspentlinje til Årdal, der energien blir nytta til aluminiumsproduksjon. Kraftlina passerer stien vår på Vetleåsen, og går vidare opp til Berdalen. På Vetleåsen tek ein sti av til fjellgarden Fuglesteg som ligg i fjellsida til venstre for Furåsen. Fuglesteg vart fråflytta i 1968. Vel oppe på Furåsen kan vi nyta utsyn langt innover Fortunsdalen mot Nøstedalsseter, og den andre vegen mot Skjolden med Eidsvatnet og Haugsbukta, som er den aller inste delen av Lusterfjorden. Garden Furåsen har fått namn etter treslaget som veks her. Før 1700 heitte garden Preståsen, og var ein del av kyrkjejorda i Fortun. Furåsen vart fråflytta tidleg på 1990-talet, men det blir framleis hausta fòr på garden. På garden står sendemast for radio, fjernsyn og mobiltelefon.