star
star
star
star
star

Førde Rådhus - Vieåsen - Førde Rådhus

Ein relativ flat, middels sykkeltur utav Førde sentrum og attende. All sykling i sentrum og på trafikkerte vegar krev merksemd i høve til bilar, gåande og andre syklistar. Start t.d. ved Førde...

Practical

Enjoy code: 717289
Førde rådhus ligg sentralt i Førde sentrum, på sørsida av elva Jølstra. Gangavstand til hotell, busstasjon og det meste.
Type
Outdoor
Target groups
Adult, Kids, Elderly
Duration
45 minutes
Distance
8.2 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Ein relativ flat, middels sykkeltur utav Førde sentrum og attende. All sykling i sentrum og på trafikkerte vegar krev merksemd i høve til bilar, gåande og andre syklistar. Start t.d. ved Førde Rådhus som stod ferdig i 2013, ta vestover på Hafstadvegen og følg gang-/sykkelvegen forbi Hafstad vidaregåande skule langs E39. Inntil vidare så må E39 kryssast att og fram, på fotgjengarovergangar to gonger. Før rundkøyringa ved Sanderplassen (den 2. langs E39), kryss E39 og følg Kronborgvegen nordover. Alternativ rute her kan vere opp og langs gravplassen på Blomreina. Følg Kronborgvegen over Kronborgbrua og ta til høgre inn på gang-/sykkelvegen langs Vievegen. Ved Vieåsen er det slutt på gang-/sykkelvegen og Vievegen følgast forbi sandtaket på venstre side, og opp fyrste vegen til venstre. Ein liten kneik her som kanskje sykkelen må trillast opp. Då følgjer turen gang-/ sykkelvegen/-stien attende langs toppen av sandtaket til Bøbakkane og ut i Rennekleiva. Ned Rennekleiva til venstre og rett over Vieåsen og inn på gang-/ sykkelvegen ned att frå Vieåsen. Her kan det vere ynskjeleg å trille sykkelen ned den litt bratte gang-/sykkelvegen. Er det ynskjeleg å gjere turen litt lengre kan Vieåsen følgjast til høgre, og ein rundtur i dei fint terreng tilpassa Viåsen tuna kan vere verdt ein litt lengre tur.

Nede att i Gamle Vievegen går det til høgre og hald fram langs Vievegen over Prestfossbrua og til venstre ned Angedalsvegen. Langs Angedalsvegen kan det vere ein føremun å sykle på fortauet. Ver forsiktig! Ta Kyrkjevegen til høgre og følgje den ned til Langebruvegen, eller forbi Førdehuset og over på Festplassen og Bankbrua til Langebrua.