Føredrag: Magnus Lagabøte, Landslova og odelsretten

Magnus Lagabøte si landslov sette sterkt preg på norsk politisk historie og rettsutvikling i lang tid framover – på nokre område heilt fram til våre dagar. Eitt av desse områda er...
24.Oct
-
6:30pm

Practical

Enjoy code: 553917
Type
Lecture
Target groups
Youth, Elderly, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Available tickets

Provided by TicketCo

Details

Magnus Lagabøte si landslov sette sterkt preg på norsk politisk historie og rettsutvikling i lang tid framover – på nokre område heilt fram til våre dagar. Eitt av desse områda er odelslovgjevinga.

Under kongane Håkon Håkonsson (1217-1263) og sonen Magnus Lagabøte (1263-1280) vart det arbeidd med svært omfattande lovreformar som markerte store endringar i styringsverk, menneskesyn og rettsliv i Noreg, mykje under innverknad frå kristen humanisme og europeisk lærd rett. Magnus Lagabøte si landslov frå 1274 er sjølve krona på dette verket. Ho danna også grunnlaget for ei landsomfattande bylov som vart utstedt to år seinare.

750-årsjubileet for Landslova har difor vore gjenstand for storstilt feiring i år, og i åra fram mot jubileet for omfattande tverrfagleg forsking. Ved å formidle noko av denne forskinga vil Norseng i sitt føredrag drøfte kva som gir oss grunn til å feire Landslova på lik line med andre store nasjonale jubileum.

Føredragshaldaren Per G. Norseng er professor emeritus i historie ved Universitetet i Søraust-Noreg og har levert bidrag om odelsretten i eit par av forskingspublikasjonane som er utgjevne til Landslovjubileet i år. Han har også tidlegare publisert fleire artiklar om odelsretten.

Begrensa tal plassar.

Føredragshalder Per G. Norseng

Maps