star
star
star
star
star

Fotasperrnuten - bratt topptur frå Steinskvanndalen

Turen startar ved Fv7 over Kvamskogen, ved Aktiven/Ungdomsheimen. Det er ma ein parkeringsplass ved bommen litt oppi skogsvegen..Du fylgjer vegen innover til Nedre Steinskvanndalen. Etter brua...
Photo: Geir Morten Utskot

Photos

Practical

Enjoy code: 718643
Type
Outdoor
Target groups
Kids, Youth, Adult, Elderly
Duration
5 hours
Distance
5.9 km
Difficulty level
Demanding
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Turen startar ved Fv7 over Kvamskogen, ved Aktiven/Ungdomsheimen. Det er ma ein parkeringsplass ved bommen litt oppi skogsvegen..Du fylgjer vegen innover til Nedre Steinskvanndalen. Etter brua svingar du til høgre og fortset til rett etter neste bru. Her set du kursen oppover/nordover deltaet og etter nokre hundre meter kryssar du bekkafaret som kjem frå Fotasperrdalen og finn etterkvart raudmerka sti der stigninga opp mot den bratte lia byrjar.

Du vinn fort høgde og utsikt oppover lia, først ned til Steinskvanndalen og fjella vestover. På toppen opnar utsikten seg mellom anna mot Fulgafjell i nordaust og Iendefjell i nordvest.

Om sommaren kan du møte hestar og kyr på sommarbeite i Steinskvanndalen, så ta omsyn om du skulle kome nær.

Det er omlag 7 km og 800 høgdemeter til toppen på 1194 moh.