Practical
Parkering: Ved Jektanesvegen og vegen til Espelandssjøen er det gode parkeringstilhøve. Her kan også bussar parkera.
For båtturistar er det mogleg å komme inn på løypa frå Skarholmen, Krokraftevikjo og ved Grinheimsneset.
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Beskrivelse av tur i Grinheimsmarka Jektanesvegen og vegen til Espelandssjøen er sentrale inngangsportar til Grindheimsmarka. Vegane blei laga som skogsvegar tidleg på 1990-talet. Etter kvart har områda langs vegane blitt utbygde med naust og hytter, slik at vegane har gitt betre tilgong til områda. I dag er Grindheimsmarka eit svært populært turområde med eit utal stiar på kryss og tvers. Her er løyper for ein kvar smak, frå ein liten tur over Djupadalen til lengre turar til Grindheimsneset og Skarholmen. På utsiktspunktet over Grindheimsvågen ser ein Bømlafjorden, Børøyfjorden og Sletta, og frå Båvågshammaren mot Børøyfjorden og Siggjo. Grindheimsmarka har og ein variert flora og eit rikt fugleliv. Du finn mange fine stadar der du kan setja deg ned og nyta fuglesongen eller stilla. Kva med eit bad i ein av dei mange lune småvikane, kunne det frista?
Tips: Frå Jektanesvegen til Skarholmen er deler av løypa våt. Siste stykket før Skarholmen er ganske bratt. På sjølve Skarholmen kan det og vera lause steinar og bratte parti.
Description of walks in Grindheimsmarka Jektanesvegen and the road to Espelandssjøen are the main points of entry to Grindheimsmarka. These roads were originally built as woodland roads in the early 1990 s. An increase in the number of cabins and boat houses being built in the area has led to an improvement in the standard of these access roads. Today, Grindheimsmarka is a very popular area among walkers as it offers a countless number of paths going off in all directions. Here you will find treks to suit all tastes and levels of mobility. Be it a short walk over Djupadalen or longer treks to Grindheimsneset and Skarholmen. From a viewpoint near Grindheimsvågen one has a panoramic view of Bømlafjorden, Børøyfjorden and Sletta, and from Båvågshammaren towards Børøyfjorden and Siggjo. Grindheimsmarka can also boast of a rich and varied flora and birdlife. One will discover many spots to sit and rest and enjoy birdsong or just peace and quiet.
OBS! The track from Jektanesvegen to Skarholmen can be waterlogged in places, and in addition to this the last section of the track before Skarholmen is quite steep. On Skarholmen itself one will encounter loose rocks and steep sections.