star
star
star
star
star

Frå Ortnevik til Bjørkestølen og Rakelbu/Fitjebotnen

Tidsbruk: * Frå Ortnevik til Bjørkestølen ca. 1,5 time * Frå Ortnevik til Fitjebotnen/Rakelbu ca. 2 timar Turskildring: Turen er skildra frå Ortnevik ferjekai. Gå, ev.køyr ca. 700 meter og...
Photo: Anita Taftø

Photos

Practical

Enjoy code: 393143
Hurtigbåt frå Nordeide til Ortnevik. Her er det avgrensa bilkapasitet, så bestill plass. Frå Oppedal ferjekai, køyr austover mot Ortnevik, ca. 56 km. Parkering enten ved ferjekaien på Ortnevik eller køyr ca. 600 meter mot Ortnevik kyrkje og parker nedanfor kyrkja.
Type
Outdoor
Target groups
Kids, Youth, Elderly, Adult
Duration
2 hours
Distance
4 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Tidsbruk:

  • Frå Ortnevik til Bjørkestølen ca. 1,5 time
  • Frå Ortnevik til Fitjebotnen/Rakelbu ca. 2 timar

Turskildring: Turen er skildra frå Ortnevik ferjekai. Gå, ev.køyr ca. 700 meter og parker ved Ortnevik kyrkje, krysset ved Ortnevik grendahus. Her følgjer du vegen austover langs fjorden i ca. 400 meter til ein traktorveg og vidare til stien ut i terrenget. Du vil kome til eit stidele der ein tursti går langs Sognefjorden innover til Sylvarnes og den andre turstien går til Vetlestølen, Bjørkestølen, Fitjebotn og Hegrefjell.

Turruta til Bjørkestølen og Fitjebotn/Rakelbu går på god og merka sti. Frå Fitjebotn vil du no kunne sjå opp til Hegrefjell. Du kan følgje stien (den gamle stølsruta til Solrenningane) eit stykke til, men stien går ikkje bortom Hegrefjell. Følg terrenget.