Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Gå gjennom setergrenda på 2 bruer og følg stigen langs Glitra opp til Glittervatnet. Du ser Glitterbue mot vest. Glitterbue er ei sjølvbetjent hytte for overnatting. Nøkkel kan du låne hjå Skjåk Almenning.
Du kan gå vidare mot aust mot Framruste på raudmerka stig. Du kan også følgje umerka stig innover langs Glittervatnet. Denne stigen møter stigen Grotli-Skridulaupbu vest for Huguvarden.
Skjåk Almenning har utleige av Glitterbu og båt på Glittervatnet. Hytta er 24 m² medrekna yttergang, og har 4 sengeplassar (+ 2 ekstra madrassar) i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom.
Dei siste åra har det vore for mykje fisk i vatnet. På garn ligg fangsten på 4 fisk på kiloen, men fisken kan vere slank. I innløpsosen har det vore teke stor fisk på stong dei seinare åra. Det er skjoldkreps i varnet, og fisken er raud i kjøtet.
Det blir fiska med garn på Glittervatnet. Det er fint å dra oter over ei lang strekning på sørsida av vatnet. Viss du vil fiske med stong, kan du få fin fangst der bekken frå Huguvardtjønn renn inn i vatnet og i utløpet til Glitra.
Andre fiskevatn i fin turavstand: Blankåtjønn og Huguvardtjønn. Blankåtjønn høver bra for stong- og oterfiske.