Details
Gorrlaus laurdag 03.05.25
Stad: Tou loftet
Dørene opnar: kl. 18.30
Konsert startar: kl. 19.00
TOSTEMT
Øyonn Groven Myhren - vokal og lyre Marit Karlberg - vokal og langeleik
+
Silje Hegg - seljefløyte
Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg er av våre fremste kvedarar med ei lang rekkje soloplater, prosjekt, prisar og kappleikssigrar i bagasjen. Øyonn er nok mest kjend for samarbeidet med Odd Nordstoga om tingingsverket "Nivelkinn", og Marit kjenner mange som eine halvparten av duoen Sudan Dudan.
Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg var sentrale i vokalkvartetten Dvergmål, som gav ut platene "Visor og kvæde frå Blåberglandet" (Grappa, 1996) og "Song i himmelsalar" (Heilo/Grappa, 2004), den fyrste Spellemannpris-nominert.
No, over 25 år seinare, har dei to tatt opp att tråden, og fordjupa seg i slåttetralling og hardingfeleslåttar frå Telemark og Valdres, som dei har overført til vokalt duoformat. Forvent ein variert konsert med det smale konseptet tostemt slåttetralling, supplert med lyarlåttar og danseviser akkompagnert med lyre og langeleik.
Silje Hegg ,frå Vinje i Telemark, er ein av dei framste utøvarene me har på seljefløyte. Hegg er utdanna sosialantropolog, har musikkutdanning frå Rauland og var tidlegare med i folkemusikkgruppa Blåmann Blåmann. Ho har og vunne landskappleiken på fløyte heile fire gonger.
Ope dansegulv etter konserten som vanleg!
Practical
Sponsored links
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Available tickets
03/05 2025 7:00pm