Similar alternatives
Details
Ein glad kveld der kyrkja blir fylt med kor, band, solistar og musikk for øyre og hjarte! Nok ein gong mobiliserer musikk krefter i det kristne miljøet eit «prosjektkor» med Kari Synnøve Haugen som dirigent saman med fullt band. Nokre kor medlemmer og musikarar har fartstid tilbake til Feedback, men nye og yngre krefter kjem også stadig til (Sjå invitasjon under). Lilli Mari Vik, som er godt kjent frå utallause gospelprosjekt, blir med både som solist for eigne solosongar. Me får også fleire spennande opptrinn med velkjende krefter som Sveinung Bjelland og Roger Hemnes. Sjølvsagt blir det allsong med både salmeskattar og friske takter, så her kan alle stemma i! Små appellar og helsingar blir servert mellom song og musikk. Bandet som står for godlyd er sett saman av: Anders Lunde (Bass), Jan Sverre Frønsdal (Flygel), Bjørn Asgeir Lunde (Slagverk), Einar Bakke akk gitar og tangentar), Arne Tveit (Hammond og synth). Velkommen til ei musikalsk oppleving av høg kvalitet!