Photos
Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Grønllifjellet(1385 moh.) ligg nord i det vakre dalføret Gotdalen. Frå E39 tek du av på Ålhus mot Indrebø.Det er bomvegvidare innover i dalføret og du kan køyre fram til der oppstigninga startar. Først følgjer du ein skogsveg oppover på austsida av elva Fossegrova. Etter om lag 1 km kryssar du elva og held fram på skogsvegen som går nesten heilt fram til Gotdalssøylen. Frå Gotdalsstøylen er det ein sti som går vidare nordover i dalføret. Stien kan vere vanskeleg å finne. Stien går etter kvart meir mot nordaust til Tolsbotnen. Eit stykke før oppstigninga til Tolsbotnen held du fram mot nord rett mot Litlebotnen. Siste bakken opp til Litlebotnen er nokså bratt. Frå Litlebotnen held du fram mot vest opp egga som etter kvart svingar nordvestover fram til toppen.