star
star
star
star
star

Grotlivassrunda ved Grotli i Skjåk

Fotturen: Gå over Rv.15 om lag 130 meter aust for kryss med Gamle Strynefjellsvegen. På nedsida av vegen finn du ein stor stein med varde og skilt med Grotlivassrunda. Stigen går i myr og...

Practical

Enjoy code: 506173
Køyr Rv.15 til Grotli i Skjåk, og parker ved Grotli Høyfjellshotell.
Type
Outdoor
Target groups
Kids, Adult
Duration
1 hour
Distance
2.7 km
Difficulty level
Easy
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Fotturen: Gå over Rv.15 om lag 130 meter aust for kryss med Gamle Strynefjellsvegen. På nedsida av vegen finn du ein stor stein med varde og skilt med Grotlivassrunda. Stigen går i myr og fjellbjørketerreng nedover til ein båtplass ved Grotlivatnet. Du bør bruke sko som tåler vatn i det myrlendte terrenget. Mot sør vil du heile runda sjå mot Skridulaupen. Stigen går opp att og innpå ein lokalveg i Grotli hyttefelt. Lokalvegen kjem ut på Gamle Strynefjellsvegen 500 meter sør for krysset med Rv.15.

Skituren: Gå ned til austre innkøyring til hotellet. Her vil du sjå vegen med oppkøyrd skiløype til Gamle Grotli langs riksvegen. Du går under riksvegen ved Gamle Grotli og over myrene ned til Grotlivatnet. Løypa kjem opp til eit hyttefelt og ut på Gamle Strynefjellsvegen. Følg løype langs vegen 500 m attende til parkering ved Grotli hotell.