Photos
Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Frå Stølsvika og velteplassen følgjer du skogsvegen i omlag 10 minuttar til du kjem til skiltet med to namn på: Halvgjerda og Høgsetstølen. Her fortset du på skogsvegen til venstre i ca 700 meter. Hald utkikk etter skiltet på høgre sida som viser kva tid du skal ta av frå skogsvegen. Stien her frå og heilt opp til varden er tydeleg merka med raud måling på steinar og tre. Over skogsgrensa kan du også sjå etter trepinnar med raudmåling på. Frå skogsvegen og opp til tregrensa er stien ganske bratt med nesten ingen slakke parti, men det er tørt og godt å gå. Så turen går heilt greitt med gode joggesko. I det du nærmar deg skogsgrensa får du utsikt ned att til Viskedalen, Vettreiene og Husetuft. Litt lenger oppe utsikt også til Åsane, Mo, Kusslia og Sunde. Ved varden er det fin utsikt til Vassenden, Eikås og vestover til Storehesten.