Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Merka stig gjennom Breidablikk hyttefelt, opp til bru over Hamsa ovafor 1.vatn, og nedover på DNT-stig til Hamsevika. Gå opp hyttevegen mot nord på vestsida av Hamsa. Hyttevegen svingar mot nordvest og går snart over i stig. Følg stigen gjennom hyttefeltet og langs fossane i Hamsa. Etter 1,3 km er det merka ny løype opp til stigen gjennom Hamsedalen, som går til ei bu ved 2.vatn. Du passerer 1.vatn i Hamsedalen, før stigen går ned til bru over Hamsa. Ny løype er merka frå brustaden fram til den nedlagde DNT-stigen Hamsevika-Danskehytta. Følg DNT-stigen attende til Hamsevika.
Følgjer du DNT-stigen mot nord, tek Reindalsråket av mot aust etter 400 m. Råket er ein del av den gamle ferdselsvegen frå Skjåk til Tafjord. Råket er merka frå Nysetra til Hamsedalen. Du kan følgje Reindalsråket og gå ned til Hamsevika ved Skomakersteinen.