Photos
Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Turen byrjar ved informasjonstavla ved for Hedlersbrui og følger stien langs fjæremålet til Jektesanden. NB! Ikkje ta stien til Mjølkeflaten! Frå Jektesanden er det godt merka sti opp mot stidelet til Mjølkeflaten. Det er bryet verdt å ta ein tur utom krigsminnet etter omlag 300m. Videre oppover vert det både bratt og luftig, men flott utsikt! På utsatte plassar er det kjetting og tau ein kan halda seg i. Etter turpostkassa møter stien den freda telegraflinja fra Lærdal, og fylgjer stort sett denne til stien til Åsen. Det er noko mangelfull merking opp fjellsida, men stien er godt varda. Videre følger ein stien ned mot Stødna, videre over Sjukehusbrui, så etter elvebrygga , forbi kulturhuset og attende til infotavla ved Hedlersbrui. Det er og mogleg å gå frå Mjølkeflaten på merka sti til stidelet med Hedlerstegen. Eit alternativ er å følge stien Stødno – Mjølkeflaten fra stidele ovenfor Stødno og attende til Hedler om Mjølkeflaten.