Photos
Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Stanghelle idrettslag har merka opp ti turløyper i fjellområda rundt Stanghelle for å gje bygdefolket gode turtilbod i nærområdet. På kvart turmål er det ei bok der ein kan registrera seg, og kvar 17. mai vert det trekt ut premiar til deltakarane.
Denne turen går til Hellesætra (400 m.o.h), det gamle stølsområde til gardane på Helle og Stanghelle. Dette er den mest populære nærturen til Stanghelle idrettslag med over 1500 registreringar i året. Turen startar ved parkeringsplassen på sørsida av Dalevågtunnelen, og ein følgjer vegen gjennom gardstunet oppom parkeringsplassen. Deretter kan ein kan velje om ein vil gå den opprinnelege stien rett opp lia, eller den nyare skogsvegen som gjev ein litt slakkare start på turen. På vått føre anbefalast det å gå skogsvegen, då stien er ganske bratt og kan bli glatt å gå når det er vått. Skogsvegen går opp til ca 200 m.o.h. Når skogsvegen sluttar er det tydeleg sti til fjells.