Similar alternatives
Details
Endeleg er Hildegunn og Leif-Per Moltubakk tilbake i norsk showbiz! Mykje har skjedd sidan Hildegunn & Leif-Per tok heile landet med storm frå 1998-2010. Hildegunn har skilt seg frå ektemannen, Per-Leif, ho har blitt bestemor til sju - og har endeleg greidd å fullføre ei etterlengta utdanning som mental-coach. Leif-Per er framleis ein av Sunnmøre mest habile gitaristar, og trass i at han har kjøpt seg hytte med vakuumtoalett er han framleis singel. Hildegunn og Leif-Per har premiere på comeback-showet sitt i Ålesund den 26. september i haust, men før det kjem dei altså til Stad hotell på Leikanger - for første gong i historia! Spenn deg fast for ein humorkveld som ikkje liknar på så mykje anna! 18 ÅRS ALDERSGRENSE Dørene opnar kl. 19.00. SHOWTIME: KL. 20.00