Photos
Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Hjellbrekkestøylen er ein støylstur som eignar seg godt som familietur. Store delar av stien går på eldre skogsveg i ganske flatt terreng. Siste del av ruta går på sti opp til støylen. Her får du fin utsikt mot Jølster Skisenter, Hjellbrekke, Støfring og Dalevatnet. Flott terreng til å jogge i, ev. stisykling. Om somrane går det ein del kyr og sauer på beite i området. Så lat att grinder etter deg. Turen tek ca 30-45 minuttar opp.
Frå støylen kan du gå vidare opp til Skogstadfjellet for å få utsikt mot Angedalen og Førdefjella i tillegg til fjella lengst vest i Jølster. Stien er utydeleg, men du finn eit og anna raudt merke. Lett og fint terreng å gå i. Du brukar kring 30-45 minuttar frå støylen og opp. Flott varde med bok i på toppen. Fjellet vert omtala som Skogstadfjellet, mens det på kartet heiter Stølsfjellet.