Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Denne rundturen kan startast fleire stader rundt fjorden. Turbeskrivinga tek utgangspunkt frå Djupedalen.
Frå Djupedalen går ein fin turveg østover på sørsida av vassdraget. Skog og kratt er rydda og gir flott utsikt over vatnet. Undervegs finn du og rasteplassar og informasjonstavler. Ved Steensheim ligg ein flott sandstrand for varme sumardagar. Herifrå kan du ta snarvegen over Seimsbrua eller fortsette vidare til Hagafoss. Frå Hagafoss går turen langs gangvegen tilbake mot Seimsbrua. Deretter går det ein fin fiskesti langs vatnet nesten hele vegen til Hol (eller ein kan fortsette på gangvegen). Langs fiskestien ligg fleire tilrettelagte fiskeplassar og ein gapahuk som alle kan bruke. Følg gangveg tilbake til Djupedalen.
Fiskekort kan blant anna kjøpas på Best bensinstasjon Djupedalen, Kiwi Hagafoss, på SMS (infoplansjar ved fjorden) eller på inatur.no