star
star
star
star
star

Hornet frå Sørland om Skareide

Stien startar i siste svingen før Skareide. Der står kart over turen på steinmuren rett før svingen. I 2017 er det også merka med T-turskilt. Gå vestover gjennom grinda. Stien svingar seg straks...
Photo: Irene Margrete Lunde

Photos

Practical

Enjoy code: 131919
Følg fylkesveg 662 frå Nordfjordeid mot Torheim. Når du kjem til bygda sørland passerar du nokon hus før du svingar opp til venstre på ein grusveg. Følg grusvegen oppover til du kjem til ein velteplass i ein høgresving. Her kan ein parkere og følge grusvegen vidare oppover. Det heng eit litt utydlig skilt på fjellmuren som er merka Hornet og visar at ein skal gå i retning vest. Husk å latt att grindene.
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
2 hours
Distance
2.5 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Stien startar i siste svingen før Skareide. Der står kart over turen på steinmuren rett før svingen. I 2017 er det også merka med T-turskilt. Gå vestover gjennom grinda. Stien svingar seg straks opp til venstre, så til høgre mot vest igjen. Etter ei stund går den forbi ein steinmur merkt "Brendeflata". Like før Hamnesselet, kjem du inn på stien frå Hamneset. Følg stien vidare til toppen. Terrenget vidare er lett og fint å gå. Omlag 3 km og 500 høgdemeter. Stien kan vere litt gjenngrodd opp frå Skareide til Hamnessetra på sommaren, men fortsatt lett å finne mens ein går.

Frå Hornet er det fantastisk utsikt i alle retnignar, t.d. ser ein Gjegnen rett over fjorden.

Det er fleire ruter opp til toppen av Hornet. Ein kan gå frå Torheim via Torheimssætra. Då parkerer ein ved Torheim Gartneri og følgjer gardsvegen rett opp om hovudhuset. Gå rett opp mot skogen der du straks kjem inn på stien. Omlag 4 km og 700 høgdemeter.

Frå Hamneset går det no ein ny skogsveg eit stykke oppover mot Hamnessætra. Omlag 4 km og 700 høgdemeter.

Frå Hanshjellen (på Hunvikfjellet) kan ein gå den lengste ruta til Hornet. Ein går vestover på merka sti mot Bjørnaskarnakken. Stien frå Bjørnaskarnakken er merket, men det er ikkje alltid like lett å finne den... Omlag 6 km ein veg, 500 høgdemeter. Det er ein del som går her på ski om vinteren.