star
star
star
star
star

Hovden Barekstad - Vemannsrøysa til Hovdevåg

Turen startar på kaia. Ein går til vegkrysset og rett etter det gamle skulehuset viser skilt til stien opp på Vemannsrøysa 239 moh. Soga seier at det er vikingen Vemann som er gravlagd i denne...
Photo: Astrid B Eliassen

Practical

Enjoy code: 333890
Rutebåt til Barekstad
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
2 hours
Distance
6.1 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Turen startar på kaia. Ein går til vegkrysset og rett etter det gamle skulehuset viser skilt til stien opp på Vemannsrøysa 239 moh. Soga seier at det er vikingen Vemann som er gravlagd i denne røysa. Følg stien vidare utover fjellryggen og du har Gåsevatnet på venstre side. Ser du over på andre sida, ser til Botnane og Årebrotet. Høgste punkt på turen er 244 moh og derifrå går turen ned til Sildevågen. Ta til høgre der og du kjem til Hovdevåg. Tar du til venstre kjem du til Kvannhovden Fyr. Går du til Hovdevåg og når du kjem ned på bilvegen ta ein avstikkar ut mot Nordhovden.

På Ytre Hovdevåg finn du ei minneplate med takk for illegal innsats frå lokalbefolkninga på Hovden, flyktningetrafikken og illegal mottak av våpen frå England. På ein haug 100 meter lengre vest møter du det 3 meter høge gravmonumentet over den nasjonalt kjende sauebonden Johan Schumann ( 1859 - 1911 ). Foregangsmann og folkeopplysar. Han selde Nordhovden i 1899 til Indrehusfamilien som driv garden også idag. Enno finn ein sauer på Svanøya som kjem frå sauefloken til Schumann. På Nordhovden er det eit freda fuglefjell. Du kan no gå bilvegen til Barekstad omlag 5 km til Barekstad kal. Om lag midtvegs møter du busetnaden i Hovdetræet.

Utgangspunkt for mange fine turar er rutebåtkaia i Barekstad. Der er det også gjestebrygge og sanitærrom med toalett og betalingdusj. På nordsida av øya, i Domba er det uthamn laga av Florø Båtforening som også er eit fint utgangspunkt for turar på øya.