Details
Nora Oleanne Sårheim har omsett alle tekstane til klingande nynorsk, så det skal vere mogleg å henge med på denne musikalske reisa!
Som alltid har vi lagt musikken i dei trygge hendene Andreas Løken Taklo trillar over tangentane, men kven som skal halde det heile i tøylane og leie publikum gjennom kvelden, det vil vi ikkje avsløre enno!
Etter mange forsøk, har vi endeleg fått med oss mezzosopran Mari Askvik frå Leikanger, og vi gler oss til å høyre hennar flotte stemme fylle salane i Sunnfjord og Sogn. Vi er også svært glade for å ha fått med oss Førde Kammerkor på laget, etter det vellukka samarbeidet i 2023. Den gong var førdejenta Amanda Kvammen “berre” ein av sopranane i koret, men i år ønskjer vi ho velkommen også som gjestesolist i konsertane våre. Vår eigen kunstnariske leiar Nora Oleanne Sårheim vert sjølvsagt også å sjå i desse konsertane!