Intimkonsert med ODDNY

Oddny syng på dialekt og foreinar det vestlandske og underfundige med element frå folk, rock og honningsøt pop. Etter fleire år i Bergen har dei funne heimatt til røtene sine, og i eit lite kvitt...
This activity is completed or marked as expired
13.Sep
-
6:30pm

Details

Oddny syng på dialekt og foreinar det vestlandske og underfundige med element frå folk, rock og honningsøt pop. Etter fleire år i Bergen har dei funne heimatt til røtene sine, og i eit lite kvitt hus på Bremangerlandet blir musikken skapt. I fjor haust ga dei ut EP-en «Eg trur at eg må spy/Våte sko». Låten «Oktober, Bergen by» blei A-lista på nasjonal NRK P1 og popklikk.no rangerte den som ein av dei beste norske låtane i 2023. Bandet vann nyleg Luttprisen 2024 i kategorien «Årets nykommar».

Folkrockbandet Oddny er eit norskspråkleg alternativ rock-fenomen med tekstleg pondus. Dei foreiner det vestlandske underfundige med element frå rock, folk og honningsøt pop, og beskriv dei store følelsane i små bilete. Vi spår at 2024 blir bremangerbandet sitt gjennombruddsår!

Dei 4 karane held til i Oslo/Bergen, men har musikalsk hovedkvarter i eit hus i Bremanger, der dei samlast for å bu, skrive og spele inn musikk. Låtskrivar Iver og trommis Oliver er frå Bremanger, bassist Bartek frå Førde og tangentist Edvard frå Sandane. Alle har vore i publikum på Malakoff mange gongar tidlegare. No skal dei spele der!

Oddny gav i november i fjor ut EP’en Eg trur at eg må spy/Våte sko på eige plateselskap, HotWater, med distribusjon hos MATE/The Orchard. Låten “Oktober, Bergen by” blir jamnleg spelt på NRK P1 nasjonalt, og Popklikk.no rangerte den som ein av dei beste norske låtane i 2023!

.

Practical

Enjoy code: 937908
Type
Concert
Target groups
Adult, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.