star
star
star
star
star

Iskatedralen under Nigardsbreen

Tusenvis av turistar og friluftsfolk opplever Nigardsbreen kvar sommar. Det er livleg aktivitet med føring på både lange og korte turar for dei som har lyst å gå i blåis. Mellom 20 og 30 har...
Photo: Jörg Petersen

Practical

Enjoy code: 441290
Om vi tek utgangspunkt i til dømes Førde, vil det ta rundt to og ein halv time å køyre til Jostedalen. Parkering finn ein rundt Breheimsenteret, og så er det berre å spenne på seg skia og ta seg innover i morenelandskapet og over isen på Nigardsbrevatnet.
Type
Outdoor
Target groups
Adult, Elderly
Duration
3 hours
Distance
4.8 km
Difficulty level
Easy
Season
Spring, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Tusenvis av turistar og friluftsfolk opplever Nigardsbreen kvar sommar. Det er livleg aktivitet med føring på både lange og korte turar for dei som har lyst å gå i blåis. Mellom 20 og 30 har arbeidet sitt med føring i ein hektisk sommarsesong.

Vil du oppleve noko heilt spesielt i vinter, så ta turen til Jostedalen, ordne deg med godt følgje og leit opp dei flotte isgrottene under Nigardsbreen. Dei siste vintrane har mange vorte klar over at det dannar seg heilt spesielle formasjonar i fronten av den flotte Nigardsbreen. Spesielt der breelva kjem ut, kan det bli reine katedralen under isen.

Om vinteren må ein gå på ski, nesten flatt, i 5-6 kilometer frå Breheimsenteret og fram til breen. Dei siste hundremetrane er det stigning før ein set frå seg skia og leitar seg fram til opningane under breen. Å gå heilt inntil og endåtil under brefronten, kan vere forbunde med ein viss fare, både på grunn av ras frå fjellsidene rundt og faren for isnedfall i grottene. Det er viktig å ha vurdert dei meteorologiske tilhøva før ein legg i veg, og det tryggaste, og som turlaget tilrår, er å ha med lokalkjende breførarar.

Grupper og turlag kan leige førar hjå Fimbuljostedal, tlf. 959 23 689, og ta seg inn i grotta på trygt vis og få lokal kunnskap om breen og isgrotta. Fimbuljostedal sin rettleiar vil gjere trygge ruteval i høve snøskred og isras, slik at turdeltakar kan kjenne seg heilt trygge.

God tur og gled deg til nye og spennande opplevingar!