star
star
star
star
star

Jakobsbu

Stien opp til Jakobsbu har fått namnet Via Digitalis som tyder Hjartevegen. Turen opp til Jakobsbu er ein fin og familievennleg fjelltur med slakk stigning og god sti. Fleire stadar langs ruta...

Practical

Enjoy code: 651831
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
1 hour
Distance
1.8 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Stien opp til Jakobsbu har fått namnet Via Digitalis som tyder Hjartevegen. Turen opp til Jakobsbu er ein fin og familievennleg fjelltur med slakk stigning og god sti. Fleire stadar langs ruta slakkar stien ut. På vegen passerer du Skåralada og Håvardhatten. Skåralada er ei gamal høylade bygd i 1900, medan Håvardhatten er ein gamal mjølkeplass.

Då Jakob Aaberg vart 50 år ynskte han seg hjelp til å bære opp materialet til ei hytte som seinare skulle få namnet Jakobsbu. Dette fekk han, og hytta stod ferdig i 1993. Tomta Jakobsbu er bygd på var tidlegare eit kyrabeite, medan setra til garden Aaberg var på Tua, som ligg høgare oppe og lenger nord i terrenget. Stien til Tua held fram rett opp frå Jakobsbu. Frå Tua kan du nyte utsikta over Oldedalen frå Melkevollsbreen i sør, til Sunde i nord. Setra på Tua var i bruk til 1948. I dag er det kun steinmurane til selet igjen. Frå Jakobsbu er det også fint å gå vidare til Brenndalen og Brenndalsbreen. Følg skilting.